'The time has come,' the Walrus said,
'To talk of many things:
Of shoes — and ships — and sealing-wax —
Of cabbages — and kings —
And why the sea is boiling hot —
And whether pigs have wings.'
Lewis Carroll: The Walrus and the Carpenter

16 desember 2004

Eit herresete i Sandeid i Ryfylke

Midt oppe på Eie, på overgangen mellom Ryfylke og Sunnhordland, ligg Hårå (Horda). Namnet har truleg samanhang med at vi her er i grensetraktene mellom rika til hordane og rygene. Då garden i 1288 tek steget ut or den tidlege historia sitt halvljos, møter Hårå oss som eit herresete. I 1288 bur nemleg riddar Hallvard på garden. Dette fortel oss at Hårå - med heile den sentrale delen av Sandeidsbygda, frå Sandeidsfjorden og nordover, var eit lokalt maktsentrum i Ryfylke i mellomalderen og må ha vore det også tidlegare.

Hallvard Horda dukkar opp i soga under eit drikkelag i Stavanger. Ved eit mistak, drep han Gaute Erlingson av Talgje. Gaute var baron, ein av dei som styrde for den umyndige kong Håkon V Magnusson. Gaute var mellom dei mektigaste stormennene i Noreg. Det er ikkje Gaute riddar Hallvard vil tukta, han tek feil mann. Då sanninga går opp for Hallvard, spring han straks til domkyrkja for å søkja vern. Men Isak Gauteson hentar Hallvard ut or kyrkja og halshøgg han, for å hemna far sin.

Om ættebakgrunnen til riddar Hallvard veit vi lite eller ingenting. Men historikaren P.A.Munch meinte at den Olav Halvardson som åtte jordegods i Kvinesdal ( i Vest-Agder) og som døyr før 1292, kan ha vore son til Hallvard. Dotter til denne Olav Halvardson var gift med sysselmann Thorvald Thoreson frå Papa Stour på Shetland. Men berre det at Hallvard har status som riddar, er nok til å knyta han - og Sandeidbygda - til dei øvre samfunnslaga i Vestnoreg i høgmellomalderen.

Hovdingmakt i 1000 år
Utanom riddar Hallvard er det lite som peikar ut garden Hårå som ein sentral stad i tidlegare tider. Men det er truleg feil å berre gå ut frå dei historisk kjende einskildgardane når ein vil finna fram til kvar maktsentra (eller sentralstader) i jernalder, vikingtid og mellomalder låg. Ein stormannsgard i vikingtida var som eit heilt lite gods, og mange stader langs kysten finn vi i dag spor i gardsnamna som viser at slike stormannsgardar har vorte oppdelte. Arkeologien fortel om dei same områda at det her må ha vore folk med makt og byrd, ikkje berre på ein gard men på fleire kringliggjande gardar. Med rette kan ein tala om sentralstad -kompleks.

Sentralt i Sandeid har vi eit slikt kompleks. Her møter vi for det første ei gruppe med temmeleg unge gardsnamn som fortel om oppdeling av ein eldre storgard ( eit kompleks). Det gjeld først Østebø, Vestbø og Helgevold, men også Gjerde og Skeie er namnetypar som ofte finst i samband med dei gamle stormannsgardane på Sør- og Vestlandet.

Namnet på sjølve stormannsgarden er i nokre høve borte, eller har berre overlevd som sokne- eller områdenamn. Det kan vera slik for Sandeid, at namnet som nå berre er nytta om bygda og soknet, truleg og var namnet på stormannsgarden frå vikingtida. Eller kan namnet på stormannsgarden frå vikingtida ha vore Horda? Det kunne i så fall forklara kvifor riddar Hallvard bar namnet Horda. Men ein skal ikkje prøve å sjå føre seg stormannskompleksa som dei gardsområda vi ser i dag. Heller har vi å gjera med ei gruppe av bustadar som tilsaman utgjorde eit lokalt gods. At namn som Østebø og Vestebø kan hende skriv seg frå vikingtida, treng ikkje tyde på at det ikkje har vore busetnad på desse stadene alt lenge før vikingtida. Men som sjølvstendige einingar, er sentrumsgardane i Sandeid truleg ikkje eldre.

I same området finn vi eit særprega fornminnemiljø som syner at Sandeid har vore eit politisk og kulturelt tyngdepunkt i det indre av Ryfylke like sidan byrjinga av vår tidsrekning.

Oldtidsmiljøet
Sentralt i dette komplekset låg gamlekyrkja, ikkje langt frå sjøen. Den siste kyrkja som låg på den gamle kyrkjegarden, vart riven i 1905. Denne kyrkja var ikkje meir enn hundre år gammal. Kyrkja som stod der før denne, var ei stavkyrkje frå mellomalderen. Truleg er det denne kyrkja me finn omtala i kjeldene i 1300-åra, fyrste gongen i 1311. Stavkyrkja skal ha vore dekka av runeinnskrifter på vegger og loft.

Då dei etter rivinga i 1905 planerte tomta, fann dei i grunnen, serleg der songhuset hadde stått, ein del myntar frå mellomalderen. Den eldste var frå første halvdel av 1200-talet. Til museet i Bergen vart det overlate 36 myntar, men det skal ha vorte funne langt fleire. Dei fleste myntane vart plukka opp av smågutar sommaren 1905. Då dei reiv kyrkja i 1905 fann dei under golvet eit krusifiks i furu, høgda på det var ein meter.

Frå vikingtida - hundreåra før stavkyrkja vart reist - har vi ein del gravfunn frå Sandeid. Gravfeltet på Østebø har gitt ei heil rekkje funn frå vikingtida. I fire av gravene vart det gjort funn av klinksaum, våpen og nokre reiskapar. At det vart funne klinksaum i desse fire gravene, fortel at dette kan ha vore båtgraver, og at dei døde har kan ha fått med seg ein båt eller delar av ein båt i grava.

Frå eit område som truleg har vore del av riddar Hallvard sin herregard, sentralt i Sandeid, har vi og eit funn frå denne perioden. Ei mannsgrav som mellom anna inneheld to vektlodd pryda med irske bronseplater. Dette er også ei båtgrav, og nett båtgraver er typisk for gravskikken hos stormennene i vikingtida. (Ei slik grav er òg kjend frå Helgeland.)

Kva soge fortel steinkorsa på den gamle kyrkjegarden? Dei er nok noko yngre enn båtgravene, men truleg eldre enn stavkyrkja. Fritjof Birkeli meinte i si tid at slike kors kunne gå heilt attende til 900-talet. På den gamle kyrkjegarden i Sandeid stod det tidlegare minst fire av denne tidleg-kristne korstypen.

Heilag landskap
Frå eldre jernalder - dei fyrste fire, fem hundreåra av vår tidsrekning - er det gjort svært mange funn i Sandeid. Dei fleste gravfunna er frå det store gravfeltet på Østebø, men og på gardane Helgevold, Helgeland og Horda er det gjort funn.

Men det fornfunnet frå Sandeid som har størst historisk interesse kjem frå den gamle kyrkjegarden på Sandeid. Der vart det i 1906 funne ein steinfallos, ein såkalla «heilag, kvit stein». Slike steinar har truleg vore ein sentral del i ei dyrking av dei guddommar som rådde for fruktbarheita. I ein sørvestnorsk kyst-samanheng, kan vi helst tenkja oss at fallossteinane har samanheng med dyrking av vanegudane Njord eller Frøy. Dei kjende tekstilfunna frå Åsmyrtjødna på Helgeland er frå same periode, og offer av klede kan ha vore ein lekk i den same gudsdyrkinga.

Fleire av stadnamna i Sandeid fortel om heiden gudedyrking: Helgevold («den heilage vollen»), Helgeland og Frøland. Stadnamngranskaren Magnus Olsen meinte at namnet Frøland var ei samansetjing med gudinnenamnet Frøya. Ut frå dette sporet av gudinnenamn i området, hevda arkeologen Helge Gjessing at ein i Sandeid i jernalderen hadde dyrka det han kallar eit «fruktbarhetsgudepar». Han drog parallellar til Herøy i Møre og Romsdal og komplekset Hauge - Tu (i Klepp på Jæren). Begge desse stadene må vi rekna som rituelle sentra i dei første hundreåra etter Kristi fødsel.Vi kan truleg tenkja oss at Sandeid har hatt ei liknande rolle i nordre Ryfylke.

Det ser ut til at det i eldre jernalder er ein samanheng mellom dei rituelle/religiøse sentra og dei politiske sentra. Dei politiske sentra er samstundes rituelle knutepunkt. Truleg har denne samanhengen mellom politiske og religiøse sentra vokse fram i folkevandringstida (400-600 e.Kr.) Vi må rekna med at dei lokale stormennene har stått i spissen for kulten i denne tidlege perioden. Som så mange andre stader på kysten, kan vi i Sandeid nett i folkevandringstida spora framvoksteren av eit aristokrati som og tok seg av kontakten mellom gudane og folket.

Den hovdingmakta som riddar Hallvard av Hårå var del av, hadde såleis djupe røter i bygda. Kva var så grunnlaget for herredømet til Hallvard og føregjengarane hans?

Eie
Heilt sikkert fleire ting, men det er naturleg å tenkja seg at sjølve Eie har spelt ei viktig rolle. Vi veit at det alltid har vore stor trafikk over Eie. Mellom alle dei som har fare over her, var og stortjuven Gjest Baardsen. Han kom sørante og drog over her i 1813. Amtmann de Fine skriv i 1740-åra om ei jettegryte på Steinsland at ho ligg « i alfare vej», der « alle Reissende passerer». Trafikken må ha vore stor også i tidlege tider. Kontrollen over dette eie, som over andre eid som knytte saman Ryfylke og Hardanger ( særleg Haraldseid) har truleg alt i førhistorisk tid vore eit grunnlag for lokal maktoppbygging. Kontroll over eida var eit trumfkort Ryfylkehovdingane kunne bruka når alliansar skulle byggjast med stormenn lenger ute ved kysten, som tildømes Avaldsneshovdingen.

Ingen kommentarer:

I grenseland

Hvordan har gårdene rundt i landet fått grensene sine? Dagens grenser kan ha en skiftende historie bak seg – ofte preget av strid og uenighe...